Døgnåpen arkitekt

Midt under den kalde krigen reiste Svein Hatløy til Polen for å læra arkitektur i Warszawa. Etter å ha starta ein ny norsk arkitektskule i Bergen basert på ideane derifrå, tar Svein Hatløy i dag «Open Form» med seg til Kina.

 

Av Karl Emil Sødergren jr

Huset til Svein Hatløy ligg på Osterøy, utanfor Bergen. Det har ikkje mindre enn sju ytterdører som alle er ulike måter å koma inn eller ut av huset på. Han tek imot meg i det som må kallast hovudinngangen. Gjennom ei smal sluse med ytterkler og sko, kjem me inn i et høgt rom med glas opp til taket på den eine sida og ein solid vegg over to etasjar på den andre. Midt i rommet står ein enorm kakkelovn. Ved sida av ovnen leier ei trapp oss opp til ein avsats. Frå avsatsen går me vidare inn på det som viser seg å vere eit standard 70-tals kjøkken.

– Huset er eit typehus frå 1974. Me har bygd ut i alle retningar. Det opprinnelege huset står framleis som ein kasse inni, men med nye veggar rundt og tak over. Stova der ein kjem inn, var gardsrommet til det opprinnelege huset, fortel Svein Hatløy.
Den høge veggen i stova der eg kom inn var altså ytterveggen i det huset som først vart bygd her. På den andre sida av kjøkkenet står eg med eitt i ein gang som frå eit typisk husbankhus. Dører fører inn til rom på begge sider, også til badet. Det er berre det at det gamle badet er utvida med eit nytt bad på utsida, to trinn lågare enn det gamle. Det nye badet har ei rekke med takvindu som gjer at ein kan dusja og se på trekronene samtidig. Etter kvart som me går frå rom til rom begynner eg å forstå. Svein Hatløy er ein mann som praktiserer det han underviser. Huset hans er «Open Form». Det eine rommet er merkelegare enn det andre. Frå arbeidsrommet er det opent både til etasjen ovanfor og til etasjen under. Huset ligg i ei bratt sørvendt skråning. Frå den øverste etasjen går det ei «låvebru» med tak rett ut i naturen. I andre etasje, klemt inn mot terrenget, kloss i den gamle stova, men dei same to trinna lågare, er det eit lite rom med seng og peis. Det er eit mørkt rom, med ei av dei sju ytterdørene. Denne fører ein ut til terrassen.
– Har dette rommet ein spesiell funksjon? lurer eg på.
– Då må svara litt filosofisk. «Peisrommet», som me kaller det, er ei vidareføring av stova. Det er alltid her me ender opp med å sitta i familieselskap og fortella historiar til kvarandre. Eit rom er ikkje avslutta. Det er noko meir. Slik er det med heile huset. Det er ein kontinuitet gjennom det. Det kjem alltid noko etter, seier den pensjonerte professoren.

Arkitekt då han var tolv
Ryfylke-dialekten sit godt i hos Svein Hatløy sjølv om han ikkje har budd der på eit heilt liv. Om bygda der dialekten kjem frå, Årdal i Rogaland, har arkitekten følgande å seia:

– Årdal er eit geologisk tydeleg dalføre, ein fjord omgitt av høge fjell. Midt i dalen står ei uforholdsmessig stor kyrkje i høve til folkemengda. Det var jo slik at kyrkjene var betalte av dei rike i bygda. Årdal hadde svært fruktbar jord og av den grunn mange rike bønder. I Stavanger sa ein gjerne viss ein kar var for brautande: «Han oppfører seg som om han har eit pund i Årdal».
Under desse vilkåra vokste Svein Hatløy opp saman med fire søsken og foreldra inntil han og broren flytta til Bryne på Jæren for å gå på gymnaset. Då var han på ein måte alt blitt arkitekt. Det vart han allereie då han var tolv.
– Eg har ein tvillingbror som er bygningsingeniør. Me studerte samstundes på NTH i Trondheim også. Då me var små, bygde me mange hytter saman. Eg var tolv år då eg ville bygga ei hytte saman med ein annan kamerat. Denne hytta ville eg forma heilt sjølv, medan kameraten min hjelpte meg som ein assistent. Hytta var enkel, modernistisk på eit vis. At hytta var annleis enn dei me hadde bygd før var tydeleg, for ho fekk omtale i bygda. Det vart stadfesta av folk som såg ho, at det var sant som dei som hadde høyrt. Her skilte arkitekten og bygningsingeniøren lag på eit vis. I motsetnad til ingeniørkunsten, er det slik med arkitektur, at det er ikkje mogleg å definera heilt eksakt kva det er. Me treng ingeniørar til å gjere berekningar, til dømes, men det er ikkje slik med arkitektur. Det er ikkje bestemt på førehand kva ein skal gjera. Men ein kan stadfesta arkitektur med eit: «Javisst!». Ein kan sjå det, slår Svein Hatløy fast.

Ti år i Polen
For å bli godteken som fullbåren arkitekt måtte Svein Hatløy studera som alle andre. Ein av lærarane hans på NTH, den kjente norske arkitekten Arne Korsmo, hadde fanga opp strømningar som spredde seg over Europa på slutten av 50-talet.

– Arne Korsmo var blant få norske arkitektar som hadde vært på C.I.A.M. i 1959 og fått med seg oppstarten av Team 10. Dette var ei gruppe med europeiske arkitektar som hadde teke på seg ansvaret for å gjera den moderne arkitekturen meir menneskeleg. Dei var opptekne av å fremma arkitektur for dei mange, og ikkje dei få. «Architecture of the great number», siterer Hatløy. Markante figurar i rørsla er Aldo van Eyck, Giancarlo De Carlo, Jacob B. Bakema med fleire.
På konferansen møtte Korsmo ein polsk arkitekt, Oskar Hansen, som var del av rørsla. Det var under konferansen i Otterlo, at Oskar Hansen første gang presenterte sine tanker om «Open Form». Arne Korsmo inviterte seinare Oskar Hansen til å halda ein «workshop» med studentane sine i Trondheim. Dette var starten på ei kjede av hendingar som skulle prega Svein Hatløy sin veg gjennom arkitekturen.
Etter studiet på NTH var ferdig, reiste Svein Hatløy til Warszawa for å læra meir av Oskar Hansen.
– Eg og ein arkitekt til, Lars Fasting, fekk stipend for å studera ved Kunstakademiet i Warszawa der Oskar Hansen arbeidde.
Til saman skulle han bu ti år i Polen og var innom både Kunsthøgskulen i Warszawa og Vitenskapsakademiet. I løpet av tida i Polen lærte Svein Hatløy også polsk. Om lag halvparten av tida i Polen jobba han som arkitekt i samarbeid med Oskar Hansen og kona hans, Zofia Hansen.

«Arkitekt er ikkje eit yrke»
Det er frå denne tida at historia om då Svein Hatløy vart pågripen av grensepolitiet i Warszawa, mistenkt for å ha forsøkt å smugla statshemmelegheiter ut av landet, har si opprinning. Svein Hatløy var venn av den noko eldre komponisten Arne Nordheim. På ei av sine mange reiser mellom Polen og Noreg skulle arkitekten ta med seg ein tape med opptak frå eit svært avansert lydstudio i Warszawa til Oslo. Nordheim vart forsinka og fekk så vidt rekt tapen til Svein Hatløy ved å bøya seg over ei sperring etter at sistnevnte hadde passert passkontrollen. Overrekkelsen vart oppdaga av det polske passpolitiet og Hatløy taua inn. At det fantes ei mappe om Svein Hatløy hos den norske etterretningstenesta også før denne hendinga, kan ein vera temmeleg sikker på.
– Var de kommunistar?
– Som mange andre arkitektar, forfattarar og kunstnarar på den tida, var me venstreorienterte. Oskar Hansen rekna seg ikkje som kommunist. Det var få arkitektar som stod fram og støtta styresmaktene i Polen. Det er vel meir riktig å seie at me var sosialistar eller idealister, seier Hatløy.
– Du skal ha sagt noko sånt som: Arkitekt må ein vera 24 timar i døgnet. Kva legg du eigentleg i det?Professoren tenker seg om før han svarer.
– Det er i grunnen ganske godt sagt. Viss ein ikkje er arkitekt, er ein noko anna. Eg hugsar ein gong i Polen at me diskuterte spørsmålet om det å vera arkitekt er eit yrke. Slik eg ser det, er ikkje arkitekt eit yrke. Det er ei handling. Det er du som er arkitekt som står for denne handlinga. Det er det du gjer som er saka. For ein del arkitektar er det ikkje eit mål å vere seg sjølv i denne handlinga. Dei gjentar ei handling som er gjort før og som andre har fastlagt for dei, utdyper Svein Hatløy.
Dette rimer godt med korleis eit stort antall studentar på BAS har opplevd professoren i undervisning. Eit særtrekk som Hatløy dyrka gjennom sine år som pedagog er nettopp det å gjera arkitektur, og ikkje berre snakka om han. Professoren plukka gjerne opp noko frå golvet, boss eller eit krølla papir, og begynte å forma noko av det eller teikna på det framfor augene til studentane. Desse handlingane resulterte i små verk som ein eller anna student etter endt undervisning som regel stakk av med.

Sveinowi Hatløyowi
Her er det på tide med ei forklaring på kven Oskar Hansen er og kva livsverket hans «Open Form» går ut på. Oskar Hansen var barnebarn av den norske millionæren Herman Hansen, kjent som «Appelsin-Herman». Den utrulege livshistoria til denne mannen enda i St. Petersburg og er utgitt i bokform. Livet omfatter, mellom mykje anna, eit forhold til den polskætta kvinna Helena Wittersheim. Dei to fekk to søner, den første Herman Karol, Oskar Hansens far. Familien til Oskar Hansen levde eit omflakkande liv frå Finland, via Litauen inntil dei slo seg ned i Polen. Oskar Hansen vaks opp i Polen i mellomkrigstida og fekk utdanning innan arkitektur først i Lublin og seinare gjennom stipend til Paris. Her studerte han under kjente franske kunstnarar og arkitektar som Fernand Leger og Pierre Jeanneret, sistnevnte søskenbarn og samarbeidspartnar av Le Corbusier gjennom 20 år. I boka «Towards open form», som vart given ut rett etter Oskar Hansens død i 2005, er framveksten av konseptet «Open Form» skildra og debattert gjennom arkitekturprosjekt, kunsten og livet til den polske arkitekten. Sjølv trekk Hansen fram arbeidet med å skapa eit minnesmerke for massedrapsleiren Auschwitz-Birkenau som eit viktig døme på «Open form». I staden for å skapa eit tradisjonelt monument, føreslo Oskar Hansen og teamet hans å laga ein diagonal veg som førte frå hovudporten, på tvers av det rigide rammeverket leiren var organisert etter, og til krematoriet. Denne vegen skulle haldast ved like, medan resten av leiren gradvis skulle bli teken over og bryten ned av naturen. Forslaget vant juryens pris, men vart ikkje godteke av dei etterlatte og difor aldri realisert. Oskar Hansen utvikla «Open Form» innan alle skalaer av arkitekturen, mellom anna måter å planlegga byar etter «kontinuerlege linjære strukturar» i staden for eit tradisjonelt sentrum. Mange prosjekt vart gjennomførte. Fleire av prosjekta som Oskar Hansen gjorde på 60-talet har Svein Hatløy vore med å utvikla. Boka som oppsummerer livsverket til Oskar Hansen er tilegna medforfattarar av arbeida hans står det på ei av dei første sidene. Spesielt namngjevne er kona hans, Zofia Hansen, og nordmannen Svein Hatløy, Sveinowi Hatløyowi.

Nyttårshelsing frå Warszawa

Romjulen 1967 skreiv Svein Hatløy eit nyttårsbrev frå Warszawa til fleire folk han kjente i Noreg. Dei fleste var arkitektar som han hadde studert saman med i Trondheim, eller kjente på andre vis. I brevet fortalte han om dei erfaringane han hadde gjort seg gjennom studier og praksis i Polen. Mange av mottakarene av dette brevet var på dette tidspunktet busette i Bergen.

– Eg skal komme til Bergen og me skal lage ein ny arkitektskule. Noreg treng ein arkitektskule som ikkje legg vekt på polytekniske eigenskaper, men ein som gir rom for nytenkning. Det var det viktigaste innhaldet i nyttårshelsinga frå Polen, fortel Svein Hatløy.
Det skulle ta nærare ti år før denne planen gjekk i oppfylling. På vegen er det fleire milepælar. Symposier, diskusjoner og undervisning fortsatte både i Noreg og i Polen. Ved Universitetet i Bergen knytta Hatløy verdifulle kontaktar med fagmiljø innan meteorologi og geologi. I 1970 fekk Svein Hatløy etter langvarig påtrykk lov av dåverande redaktør av bladet Byggekunst, i dag ArkitekturN, Christian Norberg Schultz, lov å redigera eit heilt nummer med tanker og prosjekt frå Polen og Noreg. Byggekunst nummer tre, 1970, er eit sterkt dokument om Svein Hatløys røyst i den norske arkitektrørsla.
1. september 1986 var den tredje norske arkitektskulen eit faktum. Femten studentar i kull 1 starta opp på eit studium dei ikkje visste om ville verta godkjent av myndigheitene.
– Året før vedtok Stortinget ein lov om at private kunne drive høgskular i Noreg. Det var fleire på den tida som planla å starta opp ein tredje arkitektskule, men me var først. Eg var formann i Bergen Arkitektforening og la på årsmøtet fram eit forslag om å starta opp Bergen Arkitektskule. Forslaget vart einstemmig vedteke. Norske Arkitekters Landsforening (NAL) reagerte først med å ekskludera lokallaget i Bergen, men gjekk seinare vekk frå denne linja, trekk Svein Hatløy fram.
Motvinden for den tredje norske arkitektskulen slutta ikkje med det. Det er ikkje for ingenting at BAS på den tida i visse kretsar gjekk under kallenamnet geriljaskulen. Det gjekk nye ti år før utdanninga vart godkjent og likestilt med dei statlege skulane i Trondheim og Oslo. I 1996, då arkitektskulen i Bergen vart godkjent av staten, tok Svein Hatløy eit friår og bygde huset sitt på Osterøy.

Lærebok for Kina
Me sit i stova i det opprinnelege typehuset frå 1974. Herifrå går to av dei sju dørene ut til omverda. På golvet står ei tjukk bok med tittelen «Norges Låver». Svein Hatløy går ut på kjøkkenet og varmer opp meir tevatn til oss. Teen eg har fått servert stammer frå ei av dei mange reisene professoren har gjort til Kina dei siste åra. Ideane til Oskar Hansen, slik dei er blitt vidareutvikla og undervist ved BAS, er sidan 2006 vorte eksportert på ny, denne gongen mykje lenger vekk. I Polen er det ikkje mange institusjonar som i dag legg vekt på arva etter Oskar Hansen, men ved arkitektskular i byar som Guangzhou, Shanghai og Beijing lever Open Form i beste velgåande.

– Sidan 2006 har eg vore kvar haust i Kina, bortsett frå når helsa har hindra meg frå å reisa. Det begynte med ei gjesteførelesning og er no blitt til eit pågåande engasjement ved fem arkitektskular. Om sommaren arrangerer eg kurs med kinesiske studentar i Bergen. På grunn av dette arbeidet, er det kvart år fleire studentar frå Kina som tek mastergrad i arkitektur på BAS. Det er tydeleg at Open Form er noko dei har nytte av. Når eg viser dei metodane me har utvikla på BAS, vil dei gjerne vita meir. Eg skriv for tida på to bøker på ein gong. Den eine er ei lærebok i Open Form for kinesiske studentar, fortel professoren.
Potensialet for undervisninga innan Open Form i Kina er stort. Det er fleire arkitektskular i Kina enn i heile Europa.
– Kvifor er dette interessant for oss? Det er mange millionar menneske der borte. Kina er på mange måter framtida. Når eg har kinesiske studentar på kurs i Bergen, spør eg av og til kva inntrykk dei har av Noreg. Ein av dei svarte: Det er vakkert her, men veldig få folk. Dei lever i ein fleirtalsform, kjem det frå professoren.

«Jo!»
Den andre boka Svein Hatløy skriv på er om demokratisk arkitektur. Dette er eit emne som har oppteke professoren i fleire tiår. Mykje av den vestlege arkitekturen er maktarkitektur, og difor lukka, ikkje open form, slik Hatløy ser det.

– Våre skulerom er ei vidareføring av kyrkjeskipet. Slik presten står heva over folk og taler til dei, står læraren over elevane ved kateteret. Når vegvesenet sprenger seg inn i fjellet på Osterøy og legg ein brei asfaltveg gjennom landskapet, er det eit uttrykk for makt. Maktarkitektur står i motsetnad til demokratisk arkitektur. Når arkitektur er eit uttrykksmiddel for dei som rår, får me maktarkitektur. Vi må spørra oss om uttrykket til bygga vi ser rundt oss er vårt eige eller nokon andre sitt. Ein betongkonstruksjon i Nordsjøen er ein teknisk installasjon og må difor vera lukka. Jærhuset er ikkje ei teknisk løysing. Det er open, demokratisk arkitektur, slår Hatløy fast.
Eit døme på ny, demokratisk arkitektur i Hatløy si forståing, er Gulating Lagmannsrett i Bergen, teikna av Terje Grønmo Arkitekter AS i 2008. Bygget står kloss i Bergen Rådhus, ei 14 etasjar høg kontorblokk i betong, opprinneleg forma av Erling Viksjø på 50-talet, men bygd på 70-talet.
– Viksjø er ein fantastisk arkitekt, men Bergen Rådhus har eit tydeleg maktuttrykk. Innbyggarane må leita seg fram til det kontoret dei skal oppsøka. Gulating har eit demokratisk uttrykk. Rettssalane har vindauge mot gata utanfor, slik at forbipasserande kan sjå inn, trekk Hatløy fram.
I arkitekturen er det som kjent ingen lovar, berre låvar. I Kina har Svein Hatløy funne inspirasjon av etablerte arkitektar som Wang Shu, vinnar av Pritzker Prisen i 2013. Den kinesiske arkitekten er kjent for å tilbringa mykje tid på tomta før han begynner å forma prosjekta sine.
– Det vert akseptert og motteke som noko nytt at han teiknar alt for hand, med blyant. Medarbeidarane hans lager arbeidsteikningar og den slags. Han samanliknar arbeida sine med gamle kinesiske landskapsmåleri. «Arkitektur er fjell», seier han. Fjell er bakgrunnen for arkitekturen, fortel Svein Hatløy.
For ein student på BAS, høyres dette ikkje heilt ukjent ut.
– Kan du sjå på bygningane hans og seia: «Javisst!»?
– Ja, det kan eg, stadfester professoren.
– Men for å differansiera, vil eg denne gongen seie eit tydeleg: Jo!

Svein Hatløy  (1940-2015)
Rektor ved Bergen Arkitekthøgskole frå oppstarten i 1986 til han gjekk av med pensjon i 2007. Initiativtaker til å starta den tredje norske arkitektskolen då han var leiar av Bergen Arkitektforening.
For arbeidet med å oppretta ein ny, norsk arkitekthøgskole, og å få han godkjent, vart Hatløy æresmedlem i Norges Arkitektforening i 1996.
Etter at Svein Hatløy gjekk av med pensjon, var han professor emeritus ved BAS og underviste ved fem arkitektskular i Kina.

 

Teksten er basert på to lengre intervju med Svein Hatløy februar 2015. Svein Hatløy har lese teksten gitt kommentarer. Svein Hatløy gjekk bort juli 2015.